Annonse

CNN sende Cohen-opptak av Trump

CNN har publisert eit lydopptak av president Donald Trump og den tidlegare advokaten hans, Michael Cohen, som diskuterer kjøp av rettane til ei sexhistorie.

TV-kanalen opplyser at dei har fått opptaket frå Cohens advokat Lanny Davis, og det vart spelt av tysdag i programmet Cuomo Prime Time.

På opptaket høyrer ein, etter det som er sagt, Trump og Cohen snakke om korleis dei kunne kjøpe rettane til historia til Playboy-modellen Karen McDougal om det seksuelle forholdet ho hevdar å ha hatt til Trump nokre år tidlegare. Opptaket skal ha vorte gjort i september 2016.

Lydkvaliteten er dårleg, men det er mogleg å høyre Trump seie «betal med kontantar».

Den noverande advokaten til presidenten, Rudy Giuliani, hevdar ordet «don't» ikkje er høyrbart i opptaket. Trump sa eigentleg «ikkje betal med kontantar», ifølgje Giuliani.

Cohens advokat meiner Giuliani lyg om at Trump aldri betalte noko.

- Kva fryktar dei? Kvifor representerer eg han? Dei fryktar sanninga om Donald Trump. Ein dag vil han fortelje sanninga om Donald Trump, seier Davis til CNN.

Det er frå før kjent at McDougal fekk 150.000 dollar av morselskapet til magasinet National Enquirer for eineretten til å omtale historia hennar, men saka vart aldri publisert.

Cohen har tidlegare vedgått å ha betalt 130.000 dollar til pornoskodespelaren Stormy Daniels for at ho skulle halde tett om at ho skal ha hatt sex med Trump.

(©NPK)

New York Times skreiv tidlegare denne veka at Donald Trumps mangeårige advokat Michael Cohen tok opp ein samtale med Trump om betaling til ein tidlegare Playboy-modell. Foto: Seth Wenig / AP / NTB scanpix

Annonse
Annonse