Klargjør siden...

Color Line-strid inn i revidert-samtalar 

Regjeringspartia vil løyse striden med KrF om flaggbytte for passasjerferjene til Color Lines i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett.

Både KrF og dei tre regjeringspartia stadfestar at saka blei diskutert på forhandlingsmøtet måndag.

- Vi prøver å komme til ein løysing på dette saman med KrF no. Det har vi stort håp om at vi skal klare å få til, seier finanspolitiske talsmann Henrik Asheim i Høgre til NTB.

- Det er noko av det vi skal diskutere i dag, nettopp også fordi det er ei sak i Stortinget om det, legg han til.

Asheim siktar til at Stortinget måndag kveld skal røyste over eit forslag frå opposisjonen, som KrF har varsla støtte til.

Utsetjing

Før helga gjekk KrF saman med opposisjonen i næringskomiteen på Stortinget om å be regjeringa vurdere på nytt om passasjerferjene til Color Lines mellom Oslo og Kiel skal få skifte flagg, ifølgje Dagens Næringsliv. Det betyr i praksis ei utsetjing av moglegheita Color Lines har til å byte til besetning med lågare lønn.

Men finanspolitiske talsmann Kjell Ingolf Ropstad i KrF seier no at han har håp om å finne «gode løysingar» med regjeringspartia.

Han ville måndag føremiddag ikkje svare klart på om KrF kjem til å støtte nokre av dei fem punkta i det opphavlege forslaget frå Ap i saka, som altså skal behandlast seinare same dag.

- Det vil tida vise. No prøver vi først å finne ei semje her, ettersom det var ein del av statsbudsjettet i si tid, seier han til NTB.

Ropstad ville etter møtet ikkje kommentere kva for signal han hadde fått frå regjeringspartia i saka.

- Nye føresetnader

Regjeringa varsla tidlegare i år ei forskriftsendring som skulle gjere det mogleg for passasjerskip i fart mellom Noreg og utlandet og med seglingsdistanse på over 300 nautiske mil å gå over til registrering i Norsk Internasjonalt Skipsregister (Nis).

Tysklandsferjene til Color Line er i dag registrert i Norsk Ordinært Skipsregister (Nor), som fordrar norske lønns- og arbeidsvilkår.

- KrF har hatt eit tydeleg primærstandpunkt i behandlinga i komiteen. Vi meiner det har komme ein del nye føresetnader som er viktig å gjennomgå før ein eventuelt set i kraft forskriftsendringa, seier Ropstad.

700 sjøfolk

Endring i forskrifta vil gjere det mogleg for reiarlaget å erstatte 700 norske sjøfolk med utanlandsk arbeidskraft. Saka var tema i politisk kvarter i NRK måndag.

- Eg vil ha dette greidd ut og vite om Stortinget har fått dei riktige tala og faktagrunnlaget. Viss Stortinget har fatta eit vedtak på feil grunnlag, er ikkje det spesielt bra, sa næringspolitiske talsmann Morten Ørsal Johansen i Frp.

- Vi går ikkje inn for forslaget frå Ap. Dette er ei sak som skal inn i RNB og blir ein del av forhandlingane i RNB.

Ap har fremma forslag om å utsette saka i vente på nye utgreiingar.

Første tilbod

Regjeringspartia la måndag fram det første tilbodet deira til KrF i revidert-forhandlingane, som starta sist torsdag. Da la KrF fram er kravliste, blant anna om oppfølging av barnehagenorm og lærarnorm.

Etter vel ein times forhandlingsmøte måndag kalla Ropstad tilbodet frå regjeringa «ein forsiktig start».

- Det er dessverre framleis ganske stor avstand. Samtidig har vi gode diskusjonar og samtaler.

Normalt blir det flytta på om lag 400 millionar kroner i revidert-forhandlingane, som i utgangspunktet er ei justering av budsjettet frå i fjor haust.

Men regjeringspartia har varsla at handlingsrommet er betydeleg mindre denne gangen, i og med at Venstre no har gått inn i regjeringa. Partane har gitt seg sjølv frist til fredag med å bli samde.

(©NPK)

Finanspolitiske talsmann Kjell Ingolf Ropstad i KrF (føre) fortset måndag forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett med finanskomiteens leiar Henrik Asheim (H, bak) og representantar for Frp og Venstre. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix