Comeback for Severin Freund

Etter omfattande korsbandproblem og over 18 månaders pause entrar den tyske OL-meisteren Severin Freund hoppbakken igjen.

30-åringen er med treningssamlinga i franske Courchevel denne veka. Freund var på det tyske laget som tok laggull i Sotsji-OL i 2014, og han vart dobbelt verdsmeister i 2015.

Freund har fått øydelagt korsbandet to gonger og har ikkje hoppa på over eitt og eit halvt år.

- Eg er ikkje typen til berre å vere med. Det store målet er VM i Seefeld i 2019, seier Freund.

(©NPK)

Annonse