Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Etter at Cuba fekk ny president tidlegare i år, ser det ut til at pressepolitikken til kommuniststaten blir meir liberal, seier fleire journalistar på øya.
ann.fredriksen@ntb.no/johanne@npk.no
Publisert: 21.06.2018 kl 14:10
Cubas presse har lenge vore under streng sensur, og har i praksis fungert som eit talerøyr for styresmaktene.
Cubanske styresmakter har ennå ikkje sagt noko offentleg om ein ny mediepolitikk. Men mykje tyder på at president Miguel Díaz-Canel løyser på den strenge pressesensuren, som det tidlegare Castro-regimet på den karibiske øya innførte.
Uavhengig presse på Cuba er no i ein gråsone, der dei verken er lovlege, eller ulovlege, men dei blir tolererte så lenge dei ikkje skriv om kontroversielle tema.
Cubanske journalistar fortel at politbyrået i kommunistpartiet, eitt av landets mektigaste organ, nyleg godkjente ein politikk som skal bidra til at statskontrollerte medium fungerer på same måte som i andre land.
- Cuba har forandra seg i form av fleire moglegheiter og auka tilgang til informasjon, seier David Vasquez, redaktør for Cachivache, eit moderne nettmagasin i Cuba.
- Befolkninga har kanskje ikkje så mykje tilgang til informasjon som dei ønsker, men det finst ein nyheitsstraum og eit nyheitskonsum i befolkninga. Cuba er ikkje lenger ei mørk hole utan lys, forklarer han vidare.
- Denne politikken kjem etter sterke skuldingar frå statleg media og samfunnet generelt, som ønsker auka tilgang til informasjon. Styresmaktene og partiet ser at openheit blir meir nødvendig, no som internettilgangen i landet har auka, seier Jose Raul Gallego, skribent for den uavhengige nettstaden El Toque.
Sjølv om tilgangen til internett har auka markant, er internettbruken på Cuba av dei lågaste i verda.
Det er no over 2.500 plassar med internett-tilgang på øya, sjølv om det kostar nesten ei gjennomsnittleg dagsløn for å vere på internett i éin time, strøymer ungdommen til parkane der det er mogleg å kople seg på nett.
Ungdommen nyttar sosiale medium, slik som Facebook, for å lese nyheitsmedium som er blokkerte av staten.
- Informasjonsmonopolet på Cuba blir utfordra, seier Elaine Diaz, grunnleggjaren av den uavhengige nyheitsstaden Periodismo dei Barrio.
(©NPK)
Vil pressa på Cuba bli fri og uavhengig med president Miguel Díaz-Canel? Journalistar meiner at landet beveger seg i riktig retning. Foto: Desmond Boylan / AP / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.