Danmark hentar heim soldatar frå Mali

Dei danske soldatane i Mali skal hentast heim etter at den militære overgangsregjeringa i Mali kunngjorde at danskane ikkje var ønskte i landet.

Danmark har om lag 90 spesialsoldatar og ei gruppe kirurgar i landet som ein del av den europeiske kampgruppa Takuba, som kjempar mot islamistopprørarar i Sahel.

Den militære overgangsregjeringa i Mali meiner soldatane er der utan løyve. Utanriksminister Jeppe Kofod sa på si side tysdag at dei vart utplasserte etter ein klar invitasjon frå Mali. No kunngjer Kofod likevel at Danmark byrjar å trekkje soldatane ut – og gav Mali frist til 31. januar med å gjere det klart at Danmark er velkommen i landet.

(©NPK)

Danmarks utanriksminister Jeppe Kofod. Foto: Nils Meilvang / Ritzau Scanpix / NTB

Annonse
Annonse