Dansk nobelprisvinnar er død

Danske Jens Christian Skou, som fekk nobelprisen i kjemi i 1997, er død. Han vart 99 år gammal.

Det opplyser Aarhus Universitet tysdag.

Skou fekk prisen for si oppdaging av den såkalla natrium-kaliumpumpa, som er nødvendig for å få nerveceller til å fungere.

Vitskapsmannen voks opp i Lemvig og studerte medisin ved Københavns Universitet. Frå 1947 var fysiologen knytt til Aarhus Universitet, der han inntil for få år sidan framleis hadde kontor.

Jens Christian Skou har også mottatt Leo-prisen og Novo-prisen for si forsking.

(©NPK)

Annonse