Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Konteinarskipet Alexander Maersk, som redda over 100 migrantar i Middelhavet i helga, blir nekta å legge til kai i Italia.
uvakt@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 25.06.2018 kl 15:47
Konteinarskipet måtte torsdag førre veke endre kurs etter å ha tatt imot eit naudsignal frå eit ukjent fartøy seint på kvelden. Morgonen etter var 108 migrantar redda og tatt om bord i skipet.
Måndag ettermiddag ligg båten for tredje dag på rad ankra opp utanfor den sicilianske hamnebyen Pozzallo, med dei 108 framleis om bord.
- Vi er veldig stolte av mannskapet vårt for at dei har redda desse menneska og gjort det på ein trygg måte. At vi no ikkje kan sette dei i land, er djupt beklageleg, seier Palle Laursen, teknisk direktør hos Maersk Line.
Skipet får forsyningar frå Italia slik at det ikkje er mangel på mat og vatn, men forholda om bord er framleis problematiske.
- Mannskapet er ikkje trent til å handtere dette. Det er over 100 ekstra menneske om bord i eit skip som har kapasitet til 24 menneske. Det er både sikkerheits- og helsemessig uhaldbart, seier Laursen.
Italia, som nettopp har valt ei ny og meir innvandringskritisk regjering, vil ikkje å ta imot migrantane. I staden har det blitt sagt at Danmark bør ta dei imot.
Dette er likevel ei utfordring reint praktisk, ettersom det er avgrensa kor langt ein kan reise med eit overlasta skip, ifølgje Laursen.
Også innvandrings- og integreringsminister Inger Støjberg i Danmark meiner Italia bør «gjere plikta si», og har sendt eit brev direkte til innanriksminister Matteo Salvini i Italia.
- Eg forventar at den italienske regjeringa får orden på dette. Dette er migrantar som var på veg mot Italia, og derfor er det sjølvsagt også Italia som skal ta dei imot, seier ho.
(©NPK)
Konteinarskipet Alexander Maersk utanfor hamnebyen Pozzallo på Sicilia i Italia. Båten får ikkje legge til kai. Foto: AP / NTB scanpix.