Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Dei norske brannfolka og helikoptera som har hjelpt til i kampen mot svenske skogbrannar, er tilbake i Noreg. Det kan derimot bli behov for dei igjen.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 30.07.2018 kl 15:37
Ei fordelaktig vêrmelding og redusert fare for nye skogbrannar gjer at svenske styresmakter har avgjort å redusere den internasjonale bistanden, opplyser Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) måndag.
Ti norske skogbrannhelikopter og rundt 40 brannmannskap frå Trøndelag har vore i innsats på ulike stadar i Sverige sidan førespurnaden om hjelp kom 15. juli.
- Eg vil rette ei stor takk til alle som har bidratt med skogbrannsløkkinga i Sverige. Dette klarte vi samtidig som vi varetok høgste skogbrannberedskap i Noreg, og eg er stolt av den formidable innsatsen til mannskapa i så vel lufta som på bakken - både i Sverige og her heime, seier DSB-direktør Cecilie Daae.
Samtidig understrekar Myndigheten för samhällsskydd och beredskap (MSB) i Sverige at behovet for internasjonal bistand igjen kan auke dersom situasjonen på bakken endrar seg til det verre.
(©NPK)
Skogbrannen i Ljusdal var ein av dei mest omfattande. Foto: Maja Suslin / TT / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.