Dei ti mest forureina byane i verda ligg alle i India

Ti av dei mest forureina byanei verda ligg i India, og industribyen Kanpur toppar lista til Verdshelseorganisasjonen (WHO). 

Ti av dei mest forureina byanei verda ligg i India, og industribyen Kanpur toppar lista til Verdshelseorganisasjonen (WHO).

I Kanpur, som ligg ved Yamuna, ei sideelv av Ganges nord i India, er det målt 173 mikrogram med såkalla PM 2,5-mikropartiklar per kubikkmeter, medan WHOs har sett faregrensa til 10 mikrogram.

New Delhi, som ein gong toppa lista over dei mest forureina byane i verda, har no falle til sjetteplass. Det kjem derimot ikkje av at lufta er blitt betre i den indiske hovudstaden, men at forureininga har auka i andre indiske byar.

Uhyggeleg

- Dette er ei uhyggeleg påminning om at luftforureining har blitt ein nasjonalt folkehelsekrise, noko som krev handling, seier Anumita Roy Chowdhury, som leier Centre for Science and Environment i New Delhi.

Ifølgje WHO pustar no ni av ti menneske i verda inn helseskadeleg luft, noko som resulterer i rundt 7 millionar dødsfall årleg. Ørsmå partiklar festar seg i lungene til folk og forårsakar slag, hjartesjukdom, lungekreft, kronisk lungebetennelse og luftvegsinfeksjonar.

Innbyggjarane i ei rekke indiske byar, først og fremst nord i landet, pustar dagleg inn luft som er sterkt forureina av bileksos, støv frå byggjeplassar, røyk frå kolfyrte omnar og søppel som folk brenn for å halde varmen.

Sjuke barn

Enkelte undersøkingar viser at kvart tredje barn i millionbyen New Delhi har svekt lungekapasitet og luftvegssjukdommar som astma.

Styresmaktene i byen har prøvd å gjere noko med problemet og forbyr blant anna lastebilar å køyre i bygatene, krev at folk byter ut gamle og forureinande bilar med nyare og meir miljøvennlege og har også gjennomført forsøk med datokøyring.

Tiltaka har derimot ikkje gjort lufta nemneverdig reinare, ettersom dei andre store kjeldene til forureining får halde fram som før.

(©NPK)

Dei ti mest forureina byane i verda, er alle å finne i India, konstaterer Verdshelseorganisasjonen (WHO). Dette bilete er tatt i New Delhi, der smogen ofte ligg tett. Foto: AP / NTB scanpix

Annonse