Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Dei to som døydde etter å ha blitt utsett for grov vald i ei leilegheit i Trondheim måndag kveld, var begge afghanarar. Det var også gjerningsmannen.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/gunnhild.skjold@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 18.09.2018 kl 12:57
Dei to er 19 år gamle Nasratullah Hashimi og 17 år gamle Reza Alizada.
Mannen som er sikta for forsettleg drap på dei to, vil bli framstilt for fengsling når det lèt seg gjere. Han blei skoten i beinet av politiet før arrestasjonen på jernbanestasjonen i byen.
Mannen er lagt inn på St. Olavs hospital. Tilstanden hans er alvorleg, men stabil. Det same gjeld ein fjerde ung mann som blei skadd under valdshendinga i ei leilegheit i Prinsens gate. Dei fire involverte er jamaldra og kjem alle frå Afghanistan.
Politiet opplyser at siktinga mot den mistenkte gjerningsmannen er førebels. Etterforskinga held fram for fullt. Mellom anna blir vitne avhøyrde, og politiet sikrar elektroniske og fysiske spor. Politiet vil gå ut med informasjon om den førebelse obduksjonsrapporten så snart han ligg føre. Obduksjonane blir gjennomførte tysdag.