Delegatar frå USA, Nord- og Sør-Korea i møte i Finland
Utsendingar frå Nord-Korea, Sør-Korea og USA er samla i Finland til samtalar. Men atomnedrustning står ikkje på agendaen, opplyser finsk UD.
Atomvåpen og nedrusting er ikkje venta å vere diskusjonstema under trepartssamtalane, uttaler utanriksminister Timo Soini til den finske fjernsynskanalen MTV3 tysdag.
Den nordkoreanske diplomaten Choe Kang-il, som har ansvar for nordamerikanske saker i Pyongyang, kom til Helsingfors søndag for samtalar med sørkoreanske sikkerheitsekspertar. Choe møter også tidlegare amerikanske diplomatar, blant dei Kathleen Stephens, USAs tidlegare ambassadør til Sør-Korea, melder finske medium.
Kringkastaren YLE opplyser at møtet starta med middag på ein restaurant i Helsingfors måndag, der delegatane vart observerte. Samtalane er venta å gå føre seg til onsdag.
Møtet i Finland vart innleidd tre dagar etter at Nord-Koreas utanriksminister Ri Yong-ho besøkte Sverige. Der møtte Ri Sveriges utanriksminister Margot Wallström.
Så langt har det ikkje komme fram noko nytt om eit eventuelt toppmøte mellom USAs president Donald Trump og Nord-Koreas leiar Kim Jong-un, som er venta å finne stad innan utgangen av mai.
(©NPK)
Den nordkoreanske delegasjonen forlèt restauranten Saaga i Helsingfors måndag kveld der dei møtte delegatar frå Sør-Korea og USA. Foto: Jussi Nukari / Lehtikuva via AP / NTB scanpix