Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Israelske soldatar skal fredag ha drepe to palestinske demonstrantar på Gazastripa. Ein palestinar som skal ha angripe ein politimann, er drepen i Jerusalem.
uvakt@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 17.08.2018 kl 20:07
Helsedepartementet på den Hamas-styrte Gazastripa opplyser at den eine drepne demonstranten blei treft av skot nær byen Bureij.
Mannen deltok i ein protest mot Israel nær grensa til Gazastripa. Ei lang rekke slike protestar er blitt haldne på fredagar i 2018.
Israelske styresmakter opplyser at dei fredag skaut og drap ein mann som prøvde å knivstikke ein politimann i gamlebyen i Jerusalem. Avisa Haaretz skriv at angriparen var ein palestinar med israelsk statsborgarskap.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.