Dempsey blir Kongsvinger-trenar

Mark Dempsey måtte ikkje gå arbeidsledig lenge etter å ha fått sparken i Start. Briten tar over Kongsvinger i 1. divisjon.

54-åringen Dempsey vart presentert som ny KIL-trener på ein pressekonferanse måndag ettermiddag. Kongsvinger har stått utan trenar sidan klubben skilte lag med Hans-Erik Eriksen i slutten av april.

Sportssjef Espen Nystuen fortalde at Dempsey har underteikna ein kontrakt på to og eit halvt år. Han startar i den nye jobben 12. juli.

Dempsey har forutan Start trent Djurgården og Haugesund. Han har også vore assistent for Ole Gunnar Solskjær i Cardiff og Molde.

(©NPK)

Mark Dempsey blir trenar i Kongsvinger. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Annonse