Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Den internationale spelarforeininga (FIFPro) seier dei støttar dei danske landslagsspelarane som er i konflikt med Det danske fotballforbundet (BDU).
ole.henrik.tveten@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 05.09.2018 kl 15:14
- FIFPro vil gjerne uttrykkje sin fulle solidaritet med dei danske landslagsspelarane, som ønskjer å forhandle fram rettferdige avtaler med BDU, skriv foreininga i ei utsegn.
FIFPro tar onsdag bladet frå munnen etter at dei tysdag ikkje ønskte å kommentere konflikten mellom DBU og landslagsspelarane.
- Dei danske spelarane har oppført seg ansvarsfullt i forhandlingane og FIFPro meiner at deira tilbod om å forlenge den tidlegare avtalen er til det beste for alle som følgjer med dansk fotball, skriv foreininga vidare.
På nettsida til foreininga gir generalsekretær i FIFPro, Theo van Seggelen, si fulle støtte.
- Vi støttar tilbodet deira om eit mellombels kompromiss som den beste vegen framover, seier han på nettsida deira.
Danmark har sendt eit nødlag som har med for det meste 2.-divisjonsspelarar til privatlandskampen onsdag mot Slovakia. Viss ikkje det blir noko snarleg løysing i konflikten må danskane stille med dei same spelarane mot Wales i nasjonsligaen søndag.
(©NPK)
Danmarks eigentlege landslag er i konflikt med det danske fotballforbundet. No får dei støtte frå den internasjonale spelarforeininga. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.