Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Nucleus, den første raketten som heilt og halde er utvikla og produsert i Noreg, vart send opp frå Andøya Space Center torsdag ettermiddag.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 27.09.2018 kl 14:40
Alle andre rakettar som er sende opp frå Andøya, har hatt utanlandske motorar. Nucleus-raketten som torsdag ettermiddag vart send opp frå Andøya Space Senter, er utstyrt med norsk motor, utvikla av Nammo på Raufoss.
Som den første raketten i Europa er Nucleus utstyrt med hybridmotor, som både nyttar flytande og fast brennstoff.
- Dersom dette blir vellykka, vil Nucleus vere den første norskutvikla raketten som vil nå verdsrommet, og med første hybridmotoren i Europa på 50 år, skriv Nammo i ein bakgrunn om raketten
Dette inneber at raketten, i motsetning til dei som berre har fast brennstoff, kan slå av motoren og også justere farten. Det gir også mindre risiko knytt til å handtere raketten.
Nucleus er resultatet av ti års forsking på Nammo. Raketten er 9 meter lang og veg 800 kilo.
Sjølve testoppskytinga vil sende raketten opp til ei høgde på over 100 kilometer ut frå jorda. Den vil krysse grensa for kva som er verdsrommet, men sjølve raketten er ikkje kraftig nok til å bli verande ute i rommet, men falle tilbake mot jorda.
Heile oppskytinga var planlagt til å vare i 350 sekund.
Oppskytinga vart torsdag stadig utsett på grunn av kraftig og ustabil vind i utskytingsområdet.
- Raketten har forholdsvis låg fart i utskytingsmomentet så for mykje vind vil kunne påverke kursen, uttalte Terje Vesterås i Nammo før raketten vart skoten opp klokka 14.16.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.