Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Tre menn står igjen på pallen etter avstemmingsrundane før tilsetting av ny biskop i Tunsberg bispedømme etter Per Arne Dahl.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 04.05.2018 kl 13:29
Valet står no mellom dei tre som fekk størst oppslutning i avstemmingsrunden. Dei tre er Kjetil Haga (51), domprost i Tønsberg, Jan Otto Myrseth (61), domprost i Bergen, og Øystein Magelssen (52), generalsekretær, Norges KFUK-KFUM.
Kjetil Haga fekk den høgste oppslutninga i avstemmingsrunden, opplyser Den norske kyrkja.
No skal alle biskopane og Tunsberg bispedømmeråd gi sine anbefalingar til Kyrkjerådet. Tilsettinga skjer på Kyrkerådets møte i Tønsberg i helga 6.-8. juni.
Stillinga som biskop i Tunsberg blir ledig når biskop Per Arne Dahl går av til sommaren. Dahl har vore biskop i Tunsberg bispedømme sidan 2014.
Bispedømmet dekkjer Vestfold og Buskerud fylke.
(©NPK)
Biskop i Tunsberg, Per Arne Dahl, held si avskjedsgudsteneste i Tønsberg domkyrkje søndag 17. juni. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix