Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Statsminister Giuseppe Conte, som leiar den nye populistregjeringa i Italia, vil innføre eit obligatorisk system for omfordeling av asylsøkjarar i EU.
uvakt@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 05.06.2018 kl 16:14
- Vi vil sterkt ta til orde for at Dublin-reglane blir gjennomgått, sa Conte i den første talen sin i det italienske senatet tysdag.
Hovudregelen i Dublin-samarbeidet er at asylsøkjarar i EU og Efta-landa får søknadane sine behandla i landet dei først kjem til. Svært mange må derfor søke asyl i Italia og andre søreuropeiske land kor migrantar kjem til med båt.
Conte ønskjer i staden eit «automatisk system med obligatorisk fordeling av asylsøkjarar».
Jussprofessoren leiar ei regjering beståande av den populistiske Femstjernersbevegelsen og ytre høgrepartiet Ligaen. I regjeringsplattforma til partiet blir det foreslått bygging av interneringsleirar for ein halv million ulovlege innvandrarar i Italia.
Partia er også kritiske til EU og eurosamarbeidet, og Conte stadfesta i talen sin at dei ikkje ønskjer fleire innsparingar for å redusere den enorme statsgjelda til Italia. I staden vil regjeringa prøve å redusere gjelda med økonomisk vekst.
Regjeringa ønskjer i tillegg å betre forholdet til Russland, og Conte bad i talen om at sanksjonane EU har mot Russland må revurderast.
(©NPK)
Statsminister Giuseppe Conte (i midten) heldt tysdag den første talen sin i det italienske senatet. Leiar i Ligaen Matteo Salvini (t.h.), som no er blitt innanriksminister, gratulerer Conte, mens arbeidsminister og leiar for Femstjernersbevegelsen Luigi Di Maio (t.v.) applauderer. Foto: AP/NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.