Klargjør siden...

Den russiskortodokse kyrkja bryt med Istanbul

Den russiskortodokse kyrkja bryt banda sine til Den ortodokse kyrkja i Konstantinopel etter at patriarkatet innvilga kyrkja i Ukraina sjølvstende.

- Det er teke ei avgjerd om å bryta alle kontaktar med Den ortodokse kyrkja i Konstantinopel, sa biskop Hilarion, som leier diplomatiavdeling til Den russiskortodokse kyrkja til journalistar i den kviterussiske hovudstaden Minsk måndag.

- Det betyr at prestar frå dei to kyrkjene ikkje kan utøva oppgåvene sine saman, og at kyrkjegjengarar frå eitt av samfunna ikkje lenger kan vera med i det andre, sa biskopen.

Bakgrunnen for brotet mellom Moskva og Istanbul er at patriarkatet som held til i den tyrkiske storbyen, i førre veke innvilga sjølvstende for den ortodokse kyrkja i Ukraina, som Moskva ikkje godkjenner.

(©NPK)