Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Den yngste milliardæren i Afrika, 43 år gamle Mohammed Dewji, er bortført av maskerte menn i Dar-es-Salaam i Tanzania, opplyser politiet i landet.
uvakt@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 11.10.2018 kl 16:33
Dewji leier MeTL Group, som har verksemd innan landbruk, forsikring, transport og matvareindustrien i ti land. Han er også den største eigaren i fotballklubben Simba FC.
Torsdag blei han stoppa og bortført av væpna og maskerte menn då han var på veg inn i eit treningsstudio i Dar-es-Salaam.
- Førebels informasjon tyder på at han blei bortført av kvite som kom i to bilar, opplyser guvernør Paul Makonda.
Politisjefen i Dar-es-Salaam, Lazaro Mambosasa, ymtar om at utanlandske kriminelle kan stå bak bortføringa og fortel at dei fyrte av skot i lufta før dei kasta Dewji inn i ein bil og forsvann frå staden.
Politiet veit ikkje kor kidnapparane har teke vegen, men opplyser at det alt er gjort arrestasjonar i saka. Det er ikkje kjent kven som er arrestert, eller kva tilknyting dei eventuelt har med kidnapparane.
Dewji blei fødd i Tanzania og studerte ved Georgetown-universitetet i USA. Han var også representant i nasjonalforsamlinga i Tanzania frå 2005 til 2015.
I 2013 pryda han framsida til Forbes, og to år etter utropte dei han til årets mann i Afrika. Ifølgje tidsskriftet er Dewji i dag den 17. rikaste i Afrika.
(©NPK)