Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Fredsprisen gir håp til kvinner som er valdtekne i krig, seier Denis Mukwege i ein kommentar til prisen.
uvakt@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 05.10.2018 kl 16:08
- Eg er svært glad for denne prisen, eg trudde ikkje at kampen min ville bli lønna på ein slik måte, seier den 63 år gamle kongolesiske gynekologen.
- Denne prisen gir håp til valdtekne kvinner om at dei ikkje er gløymde, om at verda veit kva dei gjennomgår, seier Mukwege, som fredag vart hylla av hundrevis av kvinner utanfor Panzi-sjukehuset i Bukavu, aust i Kongo.
Den kongolesiske legen har brukt store delar av livet på å hjelpe offer for seksuell vald, påført av dei mange krigførande gruppene i Kongo.
Forutan å hjelpe dei øydelagde kvinnene på operasjonsbordet, har han også drive ein utrøytteleg kamp for å rette søkelyset på bruken av seksuell vald som våpen i krig.
(©NPK)
Denis Mukwege. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.