Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Justisdepartementet utset markeringa av overtakinga av det første av dei nye redningshelikoptera etter at helikopteret velta 17. november.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 04.12.2017 kl 14:37
Markeringa som var planlagt 20. desember, er utsett på ubestemt tid.
- Som følgje av hendinga på Sola 17. november der eit AW101 redningshelikopter velta i samband med bakkekøyring, har Justis- og beredskapsdepartementet bestemte å utsette den offisielle markeringa av overtakinga av det første norske redningshelikopteret, opplyser departementet.
Dei opplyser vidare at dei vil komme tilbake med nytt tidspunkt for markeringa når den vidare framdrifta i anskaffingsprosessen er avklart.
Det var to flygarar om bord i det nye AW 101-helikopteret då det velta mens motor og rotorblad var i drift, men begge slapp uskadde frå hendinga. Helikopteret var akkurat blitt levert og hadde gjennomgått fleire testar då det plutseleg velta. Kvifor det velta, er framleis i det blå.
- Vi veit at helikopteret oppheldt seg utanfor hangaren for ein rutinemessig reins av motorane. Etter motorrensen skulle dei tre motorane kjølast i ein periode på nokre minutt for å tørke. I denne prosessen velta helikopteret over på høgre side, sa havariinspektør Håkon Sitre i Statens havarikommisjon for Forsvaret til Stavanger Aftenblad
Tre inspektørar frå Statens havarikommisjon for Forsvaret er i full gong med undersøkingane sine, men dei reknar med at det vil ta fleire veker å komme fram til konklusjonar om hendingslaupet og årsakssamanheng.
Helikopteret som velta, er det første av 16 slike helikopter som Forsvaret har bestilt. Frå 2018 til 2021 skal dei gradvis erstatte dei over 30 år gamle Sea King-helikoptera.
Det første helikopteret skulle etter planen setjast i drift neste år. Det er uvisst om hendinga vil føre til at leveringen blir stoppa eller blir sett på vent.
(©NPK)
Det nye redningshelikopteret til 330-skvadronen hamna på sidan med øydelagt hovudrotor på Sola flystasjon etter at det velta under testing, såkalla bakkekøyring. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.