Det blir opna for skjenking ved matservering i Bergen

Frå fredag blir det opna for skjenking ved matservering i Bergen fram til midnatt. Det har byrådet i byen bestemt.

– Byrådet vedtok i møte i dag, etter innspel frå smittevernoverlegen, at det ikkje var grunnlag for strengare reglar knytt til alkoholservering enn det nasjonale styresmakter legg opp til, seier fungerande byrådsleiar Erlend Horn (V) i ei pressemelding.

Med unntak av kravet til matservering dersom alkohol skal tilbydast, vil skjenkereglementet i Bergen vere tilsvarande som før innstramminga til regjeringa 4. januar, opplyser han.

Det betyr at det kan serverast alkohol til klokka 24, og at gjester ikkje kan sleppast inn etter klokka 22. Det er ikkje krav om at skjenkestad produserer maten sjølv.

– Vi har lågt smittetrykk i Bergen no, og byrådsvedtaket er i tråd med innspela dei har fått av meg. Eg ser på smitterisikoen som låg føresett at smittevernreglane blir følgde, seier smittevernoverlege Egil Bovim.

Annonse
Annonse