Annonse

Det franske bilkonsernet PSA trekkjer seg ut av Iran

Den franske bilgiganten PSA skrinlegg planane om å samarbeide med Iran av frykt for å bli ramma av sanksjonar frå USA.

PSA var i ferd med å opprette to fellesføretak med iranske styresmakter for å produsere franske bilar i Iran. Arbeidet vart påbegynt i 2016 då sanksjonane vart oppheva som følgje av atomavtalen mellom Iran og stormaktene.

- PSA-gruppa har starta arbeidet med å oppheve fellesføretaka. Dette gjer vi for å kunne halde amerikansk lov innan 6. august 2018, då den trer i kraft, heiter det i ei kunngjering frå PSA.

PSA-gruppa er Europas nest største bilprodusent med merka Peugeot og Citroën. Dei iranske partnarane har vore dei to nasjonale produsentane Iran Khodro og SaiPa. PSA var i første rekkje blant vestlege selskap som strøymde til Iran for å ri på bølgja av mange års oppdemma kjøpelyst under sanksjonsregimet.

I fjor selde PSA, utan lokale produksjonspartnarar, 445.000 bilar i Iran, noko som gjer den iranske marknaden til ein av dei største utanfor Frankrike.

(©NPK)

Annonse