Annonse

Dette er Nato-landa samde om

Det transatlantiske bandet er ubryteleg, erklærer stats- og regjeringssjefane i Nato.

På toppmøte ved NATOs hovudkvarter onsdag vedtok stats- og regjeringssjefane to slutterklæringar, eit 23 sider langt kommuniké og ei kortare erklæring om samarbeid på tvers av Atlanteren.

Der slår Nato-leiarane fast at forsvarsalliansen garanterer for tryggleiken til alle som bur i NATOs medlemsland, og at bandet mellom Europa og Nord-Amerika er «varig og ubryteleg».

Her er nokre av dei viktigaste vedtaka som ligg i erklæringane:

  • Nato-landa stadfestar at dei står ved vedtaket frå 2014 om at alle allierte skal stoppa kutta i forsvarsbudsjetta og ta sikte på å bevega seg mot ein pengebruk på 2 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) innan 2024. Medlemslanda skal levera «truverdige nasjonale planar» på årleg basis for å visa kva dei gjer for å nå målet.
  • Nato varslar at avskrekkinga og det kollektive forsvaret skal styrkjast, mellom anna gjennom nye tiltak for å auka reaksjonsevna til dei militære styrkane til alliansen.
  • Nato skal oppretta to nye kommandoar, styrkja Cyberforsvaret og auka evna til å møta hybride truslar.
  • Nato skal etablera eit treningsoppdrag i Irak, auka bistanden til afghanske tryggingsstyrkar og vidareutvikla samarbeidet med EU og partnarland i aust og i sør.
  • Nato inviterer til medlemskapsforhandlingar med Makedonia så snart namnestriden med Hellas er endeleg løyst.
  • Dei allierte erklærer også at Nato ikkje utgjør nokon trussel mot noko land. Alle tiltaka er defensive, blir det slege fast.

Kjelde: Nato

(©NPK)

Annonse