Direktoratet gjer klart for tørkeerstatningar

Bønder kan allereie no sende inn søknad om erstatning for avlingar skadde av tørke. Seinast 6. august skal det vere klart for utbetaling av forskot.

Landbruksdirektoratet har skunda fram førebuingane slik at Fylkesmannen skal kunne ta imot dei mange erstatningssøknadene som er venta, opplyser direktoratet.

På grunn av tørken i år får mange produsentar store økonomiske tap som følgje av små avlingar, og det manglar grovfôr til husdyra. Eitt av tiltaka gjeld utrekning av erstatning for tapte avlingar.

Blant tiltaka er det at det i tørkeområda ikkje er nødvendig å dokumentere eller kontrollere skadeårsak. Og når Fylkesmannen får søknaden, kan det bli gitt forskot på erstatning på opp til 70 prosent av forventa erstatning. Føretak som vel å hauste umoden kornåker til grovfôr, blir bedne om å søke om erstatning som om det var korn, og hausta grovfôr blir rekna om til korn.

Søknader kan sendast inn allereie no. Dei naudsynte forskriftene skal vere klare til bruk seinast 6. august, og når dette er på plass, kan Fylkesmannen fatte vedtak om forskot og behandle ordinære erstatningssøknader.

Direktoratet rår bønder til å bruke elektronisk søknad for å få raskare svar.

(©NPK)

Det er tørke i Noreg, og landbruket har store problem med avlingar. Fleire stadar må kyr fôrast på beite. Kyrne slit også med plagsame fluger. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Annonse