Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
To tunnelar på E16 mellom Voss og Bergen skal no få heilt naudsynt oppussing, fortel Statens vegvesen.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 16.05.2018 kl 15:37
Onsdag underteikna Vegvesenet kontrakt med selskapet BMO Entreprenør om oppgradering av Langhelletunnelen ved Vaksdal og Beitlatunnelen ved Dale litt lenger nord.
Begge tunnelane blei bygde tidleg på 1970-talet og har stort opprustingsbehov. Kontrakten på 88,8 millionar kroner omfattar mellom anna utbetring av lys, ventilasjon og tryggingssystem, i tillegg til vatn- og frostsikring.
Arbeidet startar like etter sommarferien og vil medføra kolonnekøyring og nattestengde tunnelar.
E16 mellom Bergen og Voss blei nyleg kåra til «Noregs verste veg» i ei uhøgtideleg NRK-kåring. Strekninga er mellom anna svært utsett for ras og skred.
(©NPK)
Det har gått fleire ras og skred på E16 mellom Bergen og Voss. Dette biletet er teke i samband med eit ras i mai 2016 ved Boge i Vaksdal. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.