Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Ishockeyspelaren Mikael Dokken skifter beite og er blitt samd om å spele for Storhamar ut sesongen.
egil.sether@ntb.no/karoline@npk.no
Publisert: 04.12.2017 kl 12:21
Mikael Dokken har spelt for Lørenskog første del av sesongen, men er klar for Storhamar frå 8. desember, melder klubben på si nettside.
- Det er eit privilegium å kunne forsterke eit lag i medgang. Vi har både på kort og litt lengre sikt behov for gode, norske forwards i troppen, og når Mikael Dokken kom på marknaden valde vi å gå for det. Mikael er tidlegast speleklar mot Stjernen til helga, då avtalen gjeld frå 8. desember. Vi er dessutan i dialog med fleire aktuelle backar, og reknar med å kunne presentere ei backforsterkning før jul fortel Sjur Rakstad Larsen i klubbens sportsutval til SIL.no
Mikael Dokken har dei siste to sesongane spilt for Lørenskog. Han er ein røsleg forward med venstrefatning.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.