Drillo gler seg som ein unge til fotball-VM

For Egil «Drillo» Olsen er fotball-VM spesielt. Han skal vere ekspertkommentator for NRK. Han gler seg stort til å følgje nye drama frå fotballbana.

- Når ein skal til VM så det jo det største innan fotballen så er det berre å glede seg. Eg har gruar meg litt òg. Det knyter seg til all reisinga. Det er veldig mange og lange reiser mellom kampane, seier Egil Olsen til NTB.

- Russland er jo 17.075.000 kvadratkilometer, slår Drillo fast i kjent stil.

- Også har dei vel det høgste fjellet i Europa?

- Dei 14 høgste fjella i Europa er i Russland, med Elbrus som det høgste. Mount Blanc er nummer 15. Det nest høgste er det vel nesten ingen i Noreg som har høyrt om, seier Drillo.

- Kva for eit meisterskap er det du hugsar best?

- Eg har jo sett mange av dei live, men følgt dei fleste frå TV.

- Eg er såpass gammal eg at eg såg Sovjetunionen mot Brasil i Göteborg i 1958. Vi haika frå Fredrikstad, så den meisterskapen var spesielt, seier Drillo.

Leidde Noreg i to VM

Drillo har også vore trenar i to VM i då han leidde Noreg i USA i 1994 og i Frankrike i 1998.

- Folk gjekk jo mann av huse 23. juni 1998 etter sigeren over Brasil.

- Ja det var spesielt. Det var visst ikkje berre Oslo at det var ville tilstandar, har eg høyrt, seier 76-åringen.

Laurdag skal det spelast ein minnekamp mellom Noreg og Brasil på Ullevaal.

- Det er spelemøte klokka 12 og kamp klokka 17. Eg har eit lite håp kunne stille med same startellevaren som i Marseille, seier den tidlegare norske landslagssjefen.

Tysdag møttest VM-teama frå NRK og TV 2 på kunstgraset utanfor Marienlyst for å spele ein vennskapskamp mellom ungdommar frå Stovner og Holmlia.

TV 2 og NRK delar VM mellom seg.

(©NPK)

Egil «Drillo» Olsen har vore i mange fotball-VM. NRK og TV 2 lader opp til fotball-VM med showkamp mot elevar frå Stovner/Holmlia med den tidlegare landslagssjefen som trenar. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Annonse