Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dronning Sonja opna tysdag utstillinga «Tradisjon og inspirasjon» på Slottsplassen i Oslo. Norske bunader er ein viktig del av det som blir vist fram.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 19.06.2018 kl 19:50
Utstillinga omfattar bunader frå Akershus, Rogaland, Vest-Agder, Setesdal, Namdalen, Telemark, Hordaland, Oppland, Buskerud, Møre og Romsdal.
Dronninga, kronprinsparet og prinsesse Astrid har alle lånt ut folkedraktene sine til utstillinga. Desse var til stades under opninga tysdag i Dronning Sonja Kunststall.
- Bunaden fortel vanlegvis noko om kor ein kjem frå. Det er eit vakkert identitetsmerke. I familien vår er vi så heldige å ha bunader, drakter og kofter som gjer at vi kan vera «heime» i mange delar av landet, sa dronning Sonja under opningstalen.
Utstillinga er open fram til 2. september. I tillegg til bunader, inneheld utstillinga verk av kunstnarar som Adolph Tiedemand og Johannes Flintoe.
(©NPK)
Dronning Sonja i bunad frå Aust-Telemark heldt tale under opninga av utstillinga «Tradisjon og inspirasjon» i Dronning Sonja Kunststall. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK
Utstillinga «Tradisjon og inspirasjon» viser ei rekkje bunader, blant anna hardangerbunad for både vaksne og barn. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK
Kronprinsesse Mette-Marit i Rogalands-bunad saman med kronprins Haakon under opninga. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK
Utstillinga «Tradisjon og inspirasjon» tek for seg Noregs kulturarv, mellom anna ulike typar falleknivar. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK