Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Å vinne VM-gull i ishockey er ingen lønsam butikk. Det svenske ishockeyforbundet gjekk 7 millionar i underskot då «Tre Kronor» tok VM-tittelen i Danmark.
stian.johnsen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 30.05.2018 kl 12:19
Svenskane stilte berre med NHL- og KHL-spelarar på laget. Skal ein ha med profilerte spelarar i eit VM, må ein ha tilstrekkeleg forsikring på dei, og det er den prisen som er årsaka til den økonomiske smellen.
- Kortsiktig er eit VM-gull ikkje nokon god butikk, seier ishockeypresident Anders Larsson til Aftonbladet.
NHL-forsikringane er hovudårsaka til den massive kostnaden. Den dyraste spelarar kosta 1,3 millionar å forsikre. Treningsleiren og gullfeiringa på heimebane kosta også mykje.
Sverige slo Sveits i finalen og forsvarte VM-gullet frå året før. TV-kanalane jubla over rekord i talet på sjåarar, men i forbundet fortvilar ein. Sverige fekk 8 millionar kroner i premiepengar frå Det internasjonale ishockeyforbundet (IIHF).
- Det er ein urimeleg avtale med ein urimeleg fordelingsmodell. Vi jobbar med å få til ei forandring. Det må skje noko framover, seier Anders Larsson om avtalen.
- Vi er skuffa, men slik er IIHFs fordelingsmodell. Sverige får ikkje gjort noko som enkeltståande nasjon, men spørsmålet er blitt reist under den siste kongressen i København. Der vart det bestemt «å sjå på saka», seier Larsson.
(©NPK)
Sveriges landslagssjef Rikard Grönborg og hans Tre Kronor tok VM-gull, men ishockeyforbundet gjekk i underskot på meisterskapen. Foto Jonas Ekströmer / TT / NTB scanpix