Klargjør siden...

Eckhoff på 3.-plass då Domratsjeva vann

Tiril Eckhoff skaut berre éin bom og gjekk bra i sporet då ho tok 3.-plassen på skiskyttarsprinten i russiske Tjumen fredag.

Eckhoff kom 33,3 sekund bak vinnaren Darja Domratsjeva i mål. Kviterussaren skaut feilfritt og slo finske Kaisa Mäkäräinen på 2.-plass med skarve 1,2 sekund. Også Mäkäräinen skaut to fulle hus.

Tiril Eckhoff bomma ein gong på liggjande, men slo til med feilfritt standplassopphald på den neste.

Anastasia Kuzmina kunne nærmast ha avgjort verdscupen med ein god innsats på sprinten, men den slovakiske løparen måtte ut i totalt tre strafferundar og hamna 1.05,2 minutt bak på ein 12.-plass.

Dermed er det ny spenning i kampen om totalcupen.

Marte Olsbu hadde ein bom på kvar av skytingane og gjekk eit godt langrenn. Det gav 10.-plass med 1.02,3 minutt opp til sigerskvinna, sambuaren til Ole Einar Bjørndalen.

Synnøve Solemdal skaut feilfritt på liggjande, men måtte ut i éin strafferunde etter ståande. Farten i langrennssporet var ikkje heilt på topp og jenta frå Tingvoll enda på 28.-plass med 1.40,1 minutt opp til vinnaren Domratsjeva.

Ingrid Landmark Tandrevold skaut feilfritt på liggjande, mens det vart éin bom på ståande. Ho var 1.42,0 minutt bak på 30.-plass.

Hilde Fenne bomma éin gong på liggjande, men trefte ikkje på eit einaste skot på ståande. Seks bom gjorde at ho vart nummer 69, og dermed får ho heller ikkje gå jaktstarten laurdag.

Ein del løparar stod over renna i Tjumen grunna det dei meiner er Russlands slappe haldning til antidopingarbeid.

(©NPK)

Tiril Eckhoff i aksjon under stafetten i Holmenkollen sist helg. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix.

Annonse
Annonse