Edvartsen-saka blir behandla måndag til onsdag

Rettssaka mellom Svein-Erik Edvartsen og Norges Fotballforbund ser ut til å bli unnagjort på berre tre dagar.

Det var i utgangspunktet sett av ei arbeidsveke. Partane er samde om tidsbruken. Saka startar i Oslo tingrett måndag og er venta avslutta onsdag.

Ei rekke profilerte fotballfolk skal vitne. Nils Fisketjønn, Svein Graff, Tommy Skjerven, Rune Pedersen, Terje Hauge og Kjetil Siem er nokon av dei.

Ikkje alle vitnar i Oslo tingrett, men enkelte bidrar via telefon.

Edvartsen har saksøkt Norges Fotballforbund (NFF). Han blei sagt opp som seksjonsleiar etter at han ifølgje NFF hadde sendt fleire E-postar under det NFF meiner var falskt namn. Dette tilbakeviser Edvartsen på det sterkaste.

Hamar-dommaren blei tidlegare i 2017 nekta å dømme fleire kampar på toppnivå etter ein strid med dommarsjef Terje Hauge.

Sjølv meiner Edvartsen at konflikten med Hauge var bakteppet for at han blei sparka. Det tilbakeviser fotballforbundet, som ikkje ønskjer at dommarkonflikten skal bli ein del av den kommande arbeidsrettssaka.

John Christian Elden er advokaten til Edvartsen. Saka til NFF blir ført av Magnus Vyrje.

(©NPK)

Saka til Svein-Erik Edvartsen mot Norges Fotballforbund startar måndag og skal etter planen vere avslutta onsdag. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Annonse