Klargjør siden...

Egypt: Seks mistenkte etter bilbombeangrepet i Alexandria drepne

Egypts innanriksminister seier dei har drepe seks militante som dei reknar med stod bak bilbombeangrepet i Alexandria laurdag, der ein vart drepen og fire såra.

Ein politimann vart drepen og fire såra i ein bilbombeeksplosjon ved eit hotell i den egyptiske kystbyen Alexandria.

Bilbomba var plassert under eit parkert køyretøy. IS har sagt at dei har stått bak dei fleste av angrepa retta mot egyptiske sikkerheitsstyrkar, men så langt har ingen uttalt at dei stod bak angrepet laurdag.

Ifølgje innanriksdepartementet var dei seks medlemmer av den militante islamistgruppa Hasm og vart drepne i ein razzia mot gøymestaden deira i Al-Beheira-provinsen.

(©NPK)

Annonse