Eiking tok den første sigeren sin som Wanty-ryttar

Odd Christian Eiking gjorde eit vellykka rykk og kom åleine i mål då han vann den tredje etappen i det belgiske sykkelrittet Tour de Wallonie måndag.

Det var den første sigeren til bergensaren for sesongen og den første ikledd Wanty-drakt. Eiking gjorde to forsøk på å angripe under dei seks siste kilometerane på etappen, og han lukkast med det siste, skriv nettstaden procyling.no.

23-åringen fekk ei luke og heldt unna i utforkøyringa ned mot mål i La Roche-En-Ardenne. Det var den andre sigeren til Eiking som proffsyklist. I fjor vann han Boucles de l'Aulne-Chateaulin som FDJ-ryttar.

Etappen måndag starta i Chimay og var 169,2 kilometer lang.

Eiking tok femteplassen på etappen søndag, mens han blei nummer 91 under opningsetappen laurdag.

Tour de Wallonie går over fem etappar og blir avslutta onsdag.

(©NPK)

Odd Christian Eiking tok den andre proffsigeren i karrieren måndag. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Annonse