Klargjør siden...

Ein død og to kritisk skadde etter ulykke i tunnel i Sunndal

Ein person mista livet, og to personar blei kritisk skadde i ei trafikkulykke i Øksendalstunnelen i Sunndal i Møre og Romsdal fredag ettermiddag.

Ein bil og ein motorsykkel var involvert i ulykka, som politiet melde om rundt klokka 15.30 fredag. Dei to personane som er kritisk skadde, er frakta til sjukehus.

Undersøkingane på staden vil ta lang tid, og tunnelen kjem til å bli stengt i fleire timar fredag ettermiddag, opplyser Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

Ifølgje Adresseavisen danna det seg lange køar på begge sider av Øksendalstunnelen etter ulykka. Fleire ambulansehelikopter er på staden.

Øksendalstunnelen er 5.966 meter lang og går gjennom Vettafjellet mellom Krokshamn ved Sunndalsøra og Øksendalsøra. Tunnelen opna i år 2000.

Fleire ambulansar og ambulansehelikopter ved Øksendalstunnelen på Fylkesveg 62 i Sunndal i Møre og Romsdal, der ein person er bekrefta omkommen og to skal vere kritisk skadde etter ei trafikkulykke.
Foto: Tommy Fossum / NTB scanpix

Annonse
Annonse
Annonse