Klargjør siden...

Ein person omkom i trafikkulykke i Stor-Elvdal

Ein person mista livet i ei trafikkulykke i Stor-Elvdal kommune i Hedmark onsdag morgon.

Politiet melde noko før klokka 9 at dei to køyretøya som kolliderte er ein personbil og ein trailer. Ulykka skjedde på riksveg 3 rett ved Opphus vidaregåande skule.

Rundt ein halv time seinare opplyste Innlandet politidistrikt at ein person var bekrefta omkommen på staden.

Vegen blir stengt i lengre tid som følgje av ulykka. Det er skilta omkøyring på fylkesveg 606 for lettare køyretøy. Politiet oppfordrar tunge køyretøy til å køyre E6 i staden for riksveg 3.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix