Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ein tredel av Russlands befolkning mellom 18 og 24 år, vil flytte frå landet, viser ei måling. Tyskland er det mest populære valet.
uvakt@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 02.07.2018 kl 16:07
31 prosent seier dei kan tenkje seg å utvandre frå Russland, ifølgje ei meiningsmåling frå eit russisk gallupinstitutt.
Dette er ein auke frå dei siste fire åra, då delen har vore mellom 21 og 26 prosent. Det kjem ikkje fram av undersøkinga kva som er årsaka til auken.
På topp av landa russiske unge vil flytte til, er Tyskland, etterfølgt av USA og Spania.
- Utvandring har i lang tid ikkje vore assosiert med at ein flyttar vekk utan moglegheit til å reise tilbake, seier gallupinstituttets leiar Stephan Lvov.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Felipe Dana / AP / NTB scanpix