Eittåring døydde etter påkøyrsel på Askøy

Den eitt år gamle guten som vart påkøyrd på Askøy søndag, døydde av skadane.

Guten døydde på Haukeland universitetssjukehus.

Påkøyrsla skjedde i samband med at ein bil skulle køyre ut frå området der guten budde. Vest politidistrikt opplyser at undersøkingar tyder på at bilen hadde låg fart då ulykka skjedde. Føraren av bilen er sikta og har fått førarkortet beslaglagt.

Politiet har gjort tekniske undersøkingar på staden og vil fortsette med blant anna avhøyr utover i veka.

(©NPK)

Annonse