Elkjøp-tilsette krev tariffavtale - truar med streik

Tilsette ved Elkjøps lager på Lørenskog går ut i streik fredag dersom dei ikkje får tariffavtale med NTF. Tilsette i fleire butikkar varslar sympatistreik.

- Enten skriv Elkjøp under på avtalen, eller så blir det streik så fort meklingsmøtet er slutt, seier forbundssekretær Bjørn Jonassen i Norsk Transportarbeiderforbund (NTF) til Fri Fagbevegelse.

Partane møtast til mekling hos Riksmeklaren fredag morgon. Striden står om dei tilsette høyrer inn under ein avtale for transportørar eller for eit grossistlager. Blir ikkje partane einige, går alle 43 tilsette ut i streik frå fredag klokka 11, skriv fagbladet.

Samtidig varslar no butikktilsette som er medlemmer i Handel og Kontor ved fire andre Elkjøp-butikkar at dei er klare til sympatistreik.

- Det handlar om solidaritet. Sjølve grunntanken i fagrørsla er å hjelpe kvarandre når det står på. Vi støtter dei fagorganiserte på lageret, seier Ole Magnus Eide, nestleiar i HK-klubben på Elkjøps varehus på Lørenskog.

(©NPK)

Elkjøp-sjef Jaan Ivar Semlitsch blir trua med streik fredag dersom selskapet ikkje skriv under på ein tariffavtale for dei tilsette på lageret på Lørenskog. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Annonse