Klargjør siden...

Emil Hegle Svendsen nyt pensjonisttilværet

Emil Hegle Svendsen angrar ikkje på at han har lagt opp og trivst som idrettspensjonist i det flotte vêret.

Torsdag var han til stades under kulturminister Trine Skei Grandes mottaking for dei norske OL-deltakarane i Parkveien 45.

- Livet er herleg. Det er lite trening og mykje avslapping i det gode vêret, sa Svendsen til NTB.

- Du angrar ikkje avgjerda om å leggje opp?

- Eg angrar ikkje. Det er den beste avgjerda eg har gjort på mange år og veldig herleg.

- Kva skjer framover?

- Det blir ein lang ferie. Så får vi sjå kva som skjer utover hausten. Eg har nokre tilbod på bordet, men vi får sjå kva det blir til. Eg har sagt nei til det meste, så vi får sjå kva eg landar på, sa Svendsen.

Torsdag møtte han og dei andre OL-medaljevinnarane kong Harald, prinsesse Märtha Louise, kulturminister Trine Skei Grande og statsminister Erna Solberg.

- Eg har aldri vore på ei OL-mottaking tidlegare. Morosamt å møte dei andre som eg ikkje har sett sidan OL, sa Svendsen.

Kva han sa i sitt møte med kongen? - Det gjaldt å seie minst mogleg og smile pent.

(©NPK)

Prinsesse Märtha Louise, kong Harald, kulturminister Trine Skei Grande, Emil Hegle Svendsen og statsminister Erna Solberg med fleire under mottakinga i Oslo torsdag. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix