Endå eit år med svekt kjøpekraft for pensjonistar flest 

Dei fleste norske pensjonistar må også i 2018 belage seg på å få mindre å rutte med enn dei hadde i fjor. 

Det er klart etter at trygdeoppgjeret vart lagt fram torsdag. Der kjem det fram at grunnbeløpet i folketrygda blir auka med 3,47 prosent frå 1. mai.

- Minstepensjonistane og dei uføre får reallønnsvekst. Minstepensjonistane får om lag 5.500 kroner meir, mens uføre med ei uføretrygd på cirka 300.000 får drygt 10.000 kroner meir, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H).

- Andre pensjonistar vil få ein nedgang på om lag 0,2 prosent, gitt at prisveksten blir det som er prognosen. Det veit vi ikkje før til neste år, seier ho.

«Andre» er dei som har meir enn minstepensjon eller uføre - altså dei aller fleste pensjonistane.

Grunnbeløpet i folketrygda aukar frå 93.634 kroner til 96.883 kroner frå 1. mai 2018. Dette er ein auke på 3.249 kroner, som svarar til 3,47 prosent, ifølgje regjeringa.

Grunnlaget har vore drøfta med dei største organisasjonane som representerer pensjonistar og funksjonshemma.

Då partane i trygdeoppgjeret la fram sine krav tysdag, var betre kvinnepensjon og forhandlingsrett blant hovudkrava. Pensjonistforbundet har særleg peikt på kjøpekrafta til pensjonistane og dei store forskjellane mellom kvinner og menn.

(©NPK)

Endringa gjeld frå 1. mai. Grunnlaget har vore drøfta med dei største organisasjonane som representerer pensjonistar og funksjonshemma. Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix

Annonse