Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Noreg vil ikkje nå klimamålet om 55 prosents utsleppskutt innan 2030, ifølgje Energi Norges fornybarbarometer. Årsaka er låg del bruk av fornybar energi.
vaktsjef@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 17.08.2022 kl 20:10
– Den brutale bodskapen i rapporten er at vi mest sannsynleg ikkje kjem til å nå målet. Vi er rett og slett for seint ute, seier Knut Kroepelien i Energi Norge til E24.
Han er administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Energi Norge, som kvart år måler kor langt Noreg har komme med å omstille samfunnet til å gå på fornybar energi.
Sidan 2010 har delen fornybar energi berre auka med 5,4 prosentpoeng.
Ifølgje barometeret vil ikkje Noreg nå klimamålet om 55 prosents utsleppskutt innan 2030 – fordi delen bruk av fornybar energi er for låg.
For å oppnå målet til regjeringa om 55 prosents kutt innanlands i 2030 samanlikna med 1990, treng Noreg ein fornybardel på rundt 80 prosent.
I 2021 var fornybardelen i Noreg på 52,1 prosent.
(©NPK)
– Vi er rett og slett for seint ute, seier administrerande direktør Knut Kroepelien i bransjeorganisasjonen Energi Norge om at Noreg ikkje vil nå klimamåla om 55 prosents utsleppskutt innan 2030. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.