Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Alle Equinor-tilsette verda over som blir foreldre, skal få 16 vekers betalt foreldrepermisjon.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 30.05.2018 kl 09:48
- Vi er svært glade for å kunne tilby denne moglegheita til alle tilsette i Equinor. Ved å gi begge foreldra tid til å knyte band til eit nytt barn, bidrar det til meir fleksibilitet og støtte til tilsette, og familien får ein god start med eit nytt familiemedlem, seier Magne Hovden, direktør for konsernfunksjonen for menneske og leiing i Equinor, til Aftenbladet.
Ordninga skal gjelde både for dei som blir foreldre for første gong, og dei som aukar familien ytterlegare.
I dag har Equinor ingen globale retningslinjer for foreldrepermisjon, og dotterselskapa har ytingar som er i tråd med lokale lover. Dei fleste landa tilbyr inntil to vekers pappapermisjon, bortsett frå Noreg, Danmark, Brasil og USA. Når det gjeld mammapermisjon, varierer talet på veker meir for kvart land.
- For dei fleste i Noreg vil ikkje dette ha nokon innverknad, fordi det norske velferdssystemet har løysingar som i stor grad gir betre foreldrepermisjon enn 16 veker, seier Hovden.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.