Klargjør siden...

Equinor vann nye leiteblokker i Brasil

Equinor har vunne nye leiteblokker i Brasil i eit område selskapet karakteriserer som blant dei beste i verda.

- Dei ressursrike bassenga utanfor kysten av Brasil inneheld leiteareal av verdsklasse. Resultata frå denne og tidlegare bodrundar har tilført Equinors leiteportefølje svært prospektivt areal og gjer at vi kan halde oppe ein betydeleg aktivitet og søkje etter prospekt av høg verdi i Brasil i åra framover, seier Equinors konserndirektør for leiting, Tim Dodson.

Saman med ExxonMobil og Petrogal Brasil vann Equinor bodrunden om Uirapuru-blokka utanfor Brasil. Og saman med BP og Petrobras har Equinor vunne Dois Irmaos-blokka.

- Resultatet av denne runden bidrar til ytterlegare styrking av posisjonen vår i Brasil, eit kjerneområde for Equinor, seier Anders Opedal som er landssjef i Brasil for Equinor, tidlegare Statoil.

Selskapet har auka investeringane i landet dei siste to åra og forventar at det vil skape arbeidsplassar, skatteinntekter og produksjonsavgifter som vil komme lokalsamfunnet til gode.

(©NPK)

Konsernsjef for leiting i Equinor, Tim Dodson, er svært nøgd med at selskapet har vunne nye leiteblokker utanfor kysten av Brasil. Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix

Annonse