Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Erna Solberg tangerer no Kåre Willochs 1.668 dagar som statsminister i Noreg. Dermed blir ho Høgres lengstsitjande statsminister.
trine.andersen@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 10.05.2018 kl 11:00
- Eg tenkjer eigentleg ikkje så mykje over det, seier Erna Solberg om den nye rekorden ho er i ferd med å innkassere. Det er allereie to år sidan ho blei den lengstsitjande partileiaren i Høgres historie. Fredag har ho vore statsminister nøyaktig like lenge som Kåre Willoch (89) fekk sitje ved kongebordet.
Etter ein liten tenkjepause kjem ho fram til at ho nok skulle ha vore denne rekorden forutan.
- Eigentleg er dette litt leit. Ikkje at eg får sitje lenge, men at Kåre Willoch ikkje fekk sitje endå lenger då det jo var eit borgarleg fleirtal, seier Solberg til NTB.
Willoch byrja som statsminister i Noreg 14. oktober 1981. Strid om auke i bensinavgifta førte til at Framstegspartiet sørgde for å felle Willoch i hans andre periode - 9. mai 1986.
Solberg byrja to dagar «seinare» enn Willoch - i den forstand at ho overtok 16. oktober 2013. Men justert for skotårsdagar, vil ho fredag denne veka - på same dato som for Willochs avgang - tangere veteranen i talet på dagar som sitjande statsminister.
På oversikta frå Statsministerens kontor står Willoch med 4 år, 6 månader og 25 dagar som statsminister i Noreg. Rekna om til tal på dagar og justert for skotår - blir det 1.668 dagar for både Willoch og Solberg no på fredag.
Solberg meiner at Willochs regjeringstid først og fremst vert hugsa for deregulering. Sjølv meiner ho at Solberg-regjeringas fremste oppgåve er omstilling - og at det er den største forskjellen mellom dei to.
Til veka legg regjeringa fram forslaget til revidert nasjonalbudsjett med «piler som peikar i riktig retning» som bakteppe.
- Det går godt i norsk økonomi. Arbeidsløysa går ned og alle desse trendane som har vore negative i arbeidsmarknaden viser no oppsving. Utfordringa no er å klare å få fleire folk inn i jobb av dei som no står utanfor arbeidslivet, seier ho.
- Av dei - trass alt - mindre sakene Solberg-regjeringa ein gong vil bli hugsa for - står plastposeavgifta kanskje høgt på lista?
- Hadde vi innført plastposeavgift i dag, ville vi fått applaus for å gjere eit miljøtiltak. Dette er eit historisk eksempel på at timinga var feil. Vi var to år for tidleg ute, seier Solberg.
(Kjelde: Wikipedia)
(Kjelde: Regjeringen.no)
(©NPK)
Erna Solberg framfor galleriet av sine forgjengarar på Statsministerens kontor. No er ho i ferd med å setje rekord som den lengstsitjande statsministeren frå Høgre. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Statsminister Erna Solberg har fredag vore statsminister like lenge som Kåre Willoch fekk ved kongebordet. Foto: Berit Roald / NTB scanpix.
For to år sidan blei ho den lengstsitjande partileiaren i Høgres historie. No blir ho også den lengstsitjande statsministeren frå Høgre. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.