Klargjør siden...

Etterretningskomiteen til Senatet: Russland blanda seg inn i valkampen i USA

Etterretningskomiteen til Senatet er einig i vurderinga til etterretningsorgana om at Russland blanda seg inn i valkampen for å hjelpa Donald Trump.

I ein uttale onsdag seier leiaren for etterretningskomiteen, Richard Burr, at komiteen har brukt 14 månader på å sjekka kjelder og analytikarar, og at «vi ser ingen grunn til å gå mot konklusjonane» frå amerikansk etterretning i fjor om at Russland greip inn i valkampen for å skada kandidaturet til Hillary Clinton og hjelpa Trump.

Konklusjonen står i kontrast til ein tilsvarande gjennomgang som etterretningskomiteen i Representanthuset har stått for. Der blei det sist månad opplyst at ein er einig i mesteparten av innhaldet i rapportane til etterretninga, men at etterretningsorgana brukte dei rette verktøya i arbeidet med å vurdera formåla til Russlands president Vladimir Putin.

Komiteen i Representanthuset er einig i at Putin ønskte å sverta Hillary Clinton, men komiteen er ikkje samde om at Putin ønskte å hjelpa Trump.

(©NPK)

Den republikanske senatoren Richard Burr, som leier etterretningskomiteen i Senatet, seier komiteen har konkludert med at Russland blanda seg inn i den amerikanske presidentvalkampen i 2016. Foto: AP / NTB scanpix