Klargjør siden...

EU beklagar Trumps nye Kina-toll

EUs handelskommissær Cecilia Malmström kallar USAs vedtak om ny toll på kinesiske varer beklageleg og seier EU er ueinige i metodane til amerikanarane.

Malmström seier at dei 28 medlemslanda i EU, den største handelsblokka i verda, deler bekymringane til Washington om delar av Kinas handelspolitikk, men er ueinige om metodane USA nyttar.

- Handelskrigar er ikkje bra, og dei er ikkje lette å vinne, seier ho.

Malmström er vedtaket til USAs president Donald Trump om å innføre toll på kinesiske varer til ein verdi av 200 milliardar dollar som ei «svært uheldig» eskalering.

(©NPK)

Annonse