EU held på retten til å avvise britisk brexitavtale med Noreg

EUs medlemsland opnar døra for formelle brexitforhandlinger mellom Storbritannia og Noreg, men vil sjølv ha siste ord.

EUs ministerråd vedtok tysdag at britane skal få løyve til å starte formelle brexitforhandlingar med dei fire Efta-landa Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits allereie no, før Storbritannia går ut av EU 29. mars neste år.

Men dersom Storbritannia ferdigstiller avtalar med Efta-landa før denne datoen, må EU informerast om utfallet, blir det presisert.

EU held samtidig på retten til å avgjere om avtalane kan godkjennast når det gjeld spørsmål som EU normalt forhandlar om i fellesskap.

(©NPK)

Annonse