EU og Singapore har underteikna ny frihandelsavtale
EU og Singapore underteikna fredag ein ny frihandelsavtale, som ryddar vekk endå fleire tollbarrierar mellom dei to.
Frihandelsavtalen vart underteikna i etterkant av det store Asia-Europa-toppmøtet i Brussel fredag.
Singapore er ein viktig handelspartnar for EU, med ein årleg handel på nesten 100 milliardar euro i varer og tenester. Over 10.000 EU-selskap er allereie etablerte i Singapore.
(©NPK)