Annonse

EU og Storbritannia ber kvarandre om kompromissvilje

EU-president Donald Tusk meiner det britiske brexitforslaget framleis må eltast. Storbritannia åtvarar EU mot å krevje noko det er umogleg å gi

Dei vanskelege brexitforhandlingane stod igjen på menyen då til stats- og regjeringssjefane i EU strøymde inn til toppmøte i den fagre alpebyen Salzburg i Austerrike onsdag.

Der var det duka for to dagar med diskusjon, dels om brexit og dels om innvandringspolitikk.

- Forhandlingane går no inn i den avgjerande fasen, sa EU-president Donald Tusk då han møtte pressa før møtet starta.

May får ros

Ifølgje Tusk fortener Storbritannias statsminister Theresa May ros for den nye brexitplanen ho la fram i sommar. Den såkalla Chequers-planen vitnar ifølgje han om ei positiv utvikling i den britiske tilnærminga til forhandlingane.

Men fleire av dei britiske forslaga må det arbeidast meir med, la Tusk til. Ifølgje han gjeld det spesielt forslaget til britane til løysing for irskegrensa og tankane deira om korleis ei framtidig handelsavtale bør sjå ut.

- Det er kanskje meir håp i dag, men det er heilt klart mindre og mindre tid. Derfor må vi bruke kvar einaste dag vi har igjen, til å forhandle, sa Tusk.

Han vil no invitere til eit ekstraordinært toppmøte i midten av november for å prøve å få på plass ein endeleg avtale.

Ber EU vise kompromissvilje

May understrekar på si side at det ikkje kan vere slik at det berre er britane som skal gi etter i forhandlingane.

- For å oppnå eit godt resultat må EU no utvikle posisjonane sine vidare, akkurat som Storbritannia. Ingen part kan krevje noko som er fullt uakseptabelt for den andre, skriv den britiske statsministeren i eit lesarinnlegg i den tyske avisa Die Welt.

Ho rettar skytset mot løysinga som EU har foreslått for irskegrensa, og som den britiske regjeringa har avvist som uakseptabel fordi ho i praksis vil innebere ei tollgrense i Irskesjøen mellom Nord-Irland og resten av Storbritannia.

- Det ville heller ikkje noko anna land i ein slik situasjon ha akseptert, skriv May.

Held diskusjonen for seg

På toppmøtet er planen at May skal få leggje fram vurderinga si av situasjonen under ein middag onsdag kveld, men utan at det blir nokon diskusjonsrunde der og då.

I staden skal dei 27 andre stats- og regjeringssjefane drøfte saka vidare ved lunsjen torsdag, då utan at May er til stades.

Austerrikes statsminister Sebastian Kurz, som er vert for toppmøtet, sa på veg inn til middagen at han hadde håp om framskritt under toppmøtet.

- Vi er klare til å inngå kompromiss. Men vi forventar det same frå britane, sa han.

Vil avdramatisere usemje

EUs sjefforhandlar Michel Barniers håper er at det i sluttfasen av forhandlingane skal la seg gjere å «avdramatisere» heile grensespørsmålet.

Han meiner det slett ikkje er snakk om noka grense til sjøs. Det einaste EU krev, poengterer Barnier, er at varer som blir sende til Nord-Irland frå andre delar av Storbritannia, må kontrollerast. Desse kontrollane kan i mange tilfelle skje andre stadar enn på sjølve grensa.

- Vi er opne for å forbetre forslaget vårt, seier Barnier.

- Men dei må hugse at årsaka til desse problema er brexit, seier han.

(©NPK)

Storbritannias statsminister Theresa May vart teken imot av Austerrikes statsminister Sebastian Kurz da ho kom til det uformelle EU-toppmøtet i den austerrikske byen Salzburg onsdag. Foto: Kerstin Joensson / AP / NTB scanpix

Annonse